07/04/2006

Fleire sitat

Den populære spalta "Godt sagt" har på nytt blitt oppdatert med nokre gullkorn.

07/02/2006

Statens vegvesen

medium_20060702_Søndagstur_999.2.jpgDet er søndags føremiddag. Vi har akkurat vore på ei flott gudsteneste i den lutherske kyrkja inne i byen. Mats Adrian gjorde forresten stor suksess med ei teikning som han gav presten under den faste programposten der vi handhelsar på kvarandre og ønskjer einannan Guds fred. Presten vart så velsigna av gåva at han brukte teikninga i avrundingshelsinga si.

Det er ikkje berre ungar i kyrkja som kan teikne. Når vi køyrer mot Langata, undrar vi oss over at det er så pass tett trafikk ein søndags føremiddag. Idet vi har køyrt eit lite stykke til og nærmar oss ei rundkøyring, skjønar vi kvifor.medium_20060702_Søndagstur_999_1.jpg I heile innste fila er det sett ut kjeglesperringar. Mellom kjeglene ser vi fleire kvinner og menn arbeidande, - midt i gudstenestetid. Ikkje alle er like ihuga, men ved sirlig oppmerking og med stor presisjon vart filene ved Nyayo-stadium oppattmåla. Du trur kanskje dette er eit sært tilfelle, men då tek du feil. Vi har fleire gonger mora oss over desse som står krokrygga med eit målingsspann og ein målarkost, - penslande bortetter asfalten. Denne gongen hadde vi heldigvis med kamera og fekk foreviga Statens vegvesen i Kenya i aksjon.

PS: Vi hadde med oss kamera fordi vi ville få med oss nokre dyreopplevingar (sjå bileta av sjiraffmating nedanfor) før vi avslutta med etiopisk middag på restaurant. Ein herleg søndag! DS
medium_20060702_Søndagstur_999_9.4.jpgmedium_20060702_Søndagstur_999_8.2.jpg

Sitatoppdateringar!

Endeleg er tida inne for å legge ut nokre gode sitat frå Mats Adrian og Anina Helen. Ta ein kikk på linken "Godt sagt"

06/29/2006

St. Hans

medium_20060622_familiegrilling_pa_skoletomta_999_10.2.jpg

Vi gløymde denne fantastiske høgtidsdagen i år. Er det ikkje slik at det er det lysaste døgnet i året? Då eg snakka med mor på telefonen klokka ni om kvelden, gjekk det opp for oss at det var St. Hansfeiring på Ganddal. Det verkar ikkje slik her at 23. juni er den lysaste dagen i året. No er det berre kaldt, og dagane er like lange som dei andre dagane i året. Slik er det jo naturlegvis når ein kan vinke til Ekvator. Vi frys og det er knappe 25 varmegrader midt på dagen. Om natta og om kvelden kan gradestokken kjempe seg ned til ein stad mellom fem og ti grader. Då er det godt med medbrakte dundyner og strikka ullsokkar. Vi skuldar også Vegard Ulvang ein takk for hans gode og varme klede.

medium_20060622_familiegrilling_pa_skoletomta_999_2.jpgVi har på ein måte likevel feira St. Hans litt, eller kjanskje ikkje akkurat han då, men vi laga eit bål den 22. Rett nok visste vi som sagt ikkje at det var St. Hans dagen etter, men vi tende i alle tilfelle eit lite bål. Vi hadde nemleg utflukt på tomta. Med pinnebrød, pølser, guacamole, dressing og alt anna du kan tenke deg høyrer med på grilltur. Bålet vart tend, pølsene grilla og familien Ohma storkosa seg på piknik med utkikk til huset der vi bur. Har nokon sagt at vi ikkje feira St. Hans? Gunstein