02/10/2007

Hawaii-party

medium_20070209_Hawaii-party_006.JPGTrudde du at misjonærane var nokre gamle treigingar med slips og kvitskjorte, - som aldri trekk på smilebandet og aldri skjønar poenga i gode vitsar? Vi er nok litt slik av og til, men fredag var det Hawaii-party ved bassenget. Her vart det servert nydelg fruktcoctail (truleg utan alkohol), nydeleg grilla kjøt med salatar og anna vakkert tilbehør. Her var det levande lys, stjernehimmel, oppkneppa skjorter og surfebrett. Her var bogenvillasmykke, hawaiiroser i håret, liflege kjolar, nattbading og god underhaldning i form av amerikansk auksjon. Ein fantastisk kveld og strålande opplegg iscenesatt av internatpersonalet. Takk for eit festleg tiltak!medium_20070209_Hawaii-party_016.JPGmedium_20070209_Hawaii-party_036.JPG

12/19/2006

Julebrev 2006

medium_20061208_juleførebuingar_999_5.JPGHei alle saman.

Vi har no klart å produsere eit julebrev 2006. Denne jula klarte vi det innan tidsfristen. Dersom du av ein eller annan grunnikkje har fått brevet, men kunne tenke deg litt lesestoff, kan du anten sende oss ein mail eller skrive ein koseleg kommentar her på bloggen.

10/31/2006

På intenatet

medium_Lagbilde2006_600.jpgKjære alle tolmodige blogglesarar. Eg fekk heilt vondt no for 5 minutt sidan. Eg kom inn på kontoret her på internatet der det er mi veke å vere leksevakt og nattevakt. Her på denne datamaskina stod bloggsida vår open på skjermen. Einkvan har leita etter eit livsteikn frå fam. Ohma. Eg kikka litt på sida vår. Ikkje éi oppdatering sidan vi kom tilbake frå ferie i august. Det var rett og slett så lenge sidan vi skreiv sist, at eg hadde gløymt passordet for å administrere bloggen. No skal eg til å hjelpe ungdomsskuleelevane med leksene. Dei ventar, så då får eg sitere ein eller annan eg har høyrt seie:

Vi har det bra!
Har du det bra?
Håper du har det bra.
Ha det bra!

Mvh Gunstein i full fart på internatet

PS! Eg trur biletet fortener ei forklaring. Som eg alt har skrive, så er eg altså på internatet. Biletet var det einaste eg fann på denne maskina, og ein må jo ha eit bilete for å gjere bloggen kjekkare å lese. Internatleiaren er svoren RBK-tilhengjar, og dessutan kan vel ingen ta frå RBK seriemeisterskapet i 2006 så lenge Bryne framleis er i 1. divisjon. Blir nok heilt annleis neste år når Bryne og Viking byttar divisjon. DS!

08/06/2006

Ved ferieslutt!

medium_20060722_Tsavo_sommaren_2006_999_3.JPGVi er tilbake i Nairobi etter ein kort ferie i Nairobi. Vi er så glade i denne staden at vi til og med ville ”feire” ferien her. Eg må innrømme at vi hadde ein vekes tur til Mombasa og fekk henta inn litt varme i ein elles nedsliten og stivfrosen kropp. På turen heim var vi innom Tsavo nasjonalpark og fekk i det minste sjå eit par slangar og haugar med elefantar. Dessutan har vi planar om ei helg i Masai Mara om ein liten månad. I alle tilfelle så er det jobb igjen i morgon.

No har alle dei nye tomtebuarane kome. Eg skal helse og seie at det er kjekkare med dei som kjem enn med dei som reiser. Ikkje det at vi ikkje var glade i dykk som avslutta perioden her ute, det er berre det at vi vert så utriveleg leie av desse avskjedane. Vi hadde oppretta gode venskap, men no stod vi her på tomta med klump i halsen, flagget i handa og tok ”bølgja” i det nok ei misjonæreining forlet tomta og sette kursen mod det verkelege heimlandet (no tenkte eg ikkje på himmelen, men Noreg). Til slutt (også fordi dei som ikkje avsluttar perioden, likevel reiste langt vekk på ferie) var det berre nokre gjestar som var på gjestehuset, og familien Ohma igjen til å ta bølgja. Slik blir ein litt trist av. Men no er altså sorga til glede vend. Vi har lyfta hovudet, retta blikket og gler oss over alle dei nye. Eit fargerikt fellesskap til glede for store og små. Vi takkar for at vi skal få gå inn i nok ei arbeidsøkt ved NCS. Ver med og be om eit godt skuleår.