02/18/2007
Til neste gong...
Litt leit, dette, no som vi var slik i siget. Det spørs om vi (eller de som er lesarane våre) får abstinens... Vi håpar vi kan rekne med kvarandre likevel - "Meet you in prayer!" Ja, for vi treng dykk desse dagane; viktige saker skal opp til samtale og avstemming. Takk for forbøn!
20:04 Permalink | Comments (6) | Email this
02/15/2007
MIA (Made In Africa) eller MIKA (Made In Kenya, Africa)
Litt via, via har vi fått høyre at somme etterlyser bilete av magen til MB på bloggen vår. Vi har ikkje kome på at det er så mykje å syne fram, men her skal de altså få eit par bilete. Det første vart teke 20.12.06, det andre 28.01.07. Med andre ord er det siste biletet alt to veker gamalt og slik sett noko forelda. Likevel synest vi midjemålet er om lag det same no som då (i alle fall passar skjørtet enno), og magen er stor nok til å vere 20+ veker gravid!
For å seie det slik, av ein eller annan grunn tok magen heilt av ved jule- og nyttårstider. Kan det ha vore all den gode maten? Ei stund var vi beint fram litt urolege for at der var fleire enn éin, – eller som AH presenterte dei store nyhenda til miljøarbeidar Hilde: ”Eg skal bli storesøster. Mamma har ein, to, tre, fire babyar i magen,” sa ho og demonstrerte med fingrane. ”Det er fullt!” avslutta ho med alvorlege augo. – Fullt?! Mildt sagt, vil vi seie, om der skulle vere heile fire stykk, men no er der altså berre éin! Det fekk vi stadfesta på ultralyd gjort i veke 17.
Elles hadde vi litt magedramatikk i helga. Det heile byrja fredag. På føremiddagen hadde mor kvilt saman med AH og MA som skulle få vere lenge oppe på Hawaii-party same kvelden. I det ho stod opp, sette livmora i gong – med kynnarar. Ikkje berre éin eller to, som må reknast som normalt, men dei kom jamt, heile 6-8 på 45 minutt, – og det trass i at ho flata ut i horisontalen. Først etter ein time avslapping i senga, roa det seg. Då det så tok til att neste dag, fann vi det best å ta ein tur til sjukehuset for å få sjekka om alt var vel. (I si tid skjøna vi ikkje at slike kynnarar kan gå over i premature rier, så AH var nær ved å bli fødd sju veker før tida…)
På Nairobi Hospital fekk vi kome til raskt, så dette tok dei tydeleg på alvor. Heldigvis var ikkje livmorhalsen påverka! Dermed kunne vi nyte ein god morsdag søndag (rett nok etter å ha vore endå ein tur på sjukehuset om morgonen: dei ville gjerne ta nokre blodprøver m.a. for å sjekke blodsukkeret – pga funn i urinprøva dagen før. På måndag fekk vi vite at alle prøvene var fine.). Til ære for mor, diska mannen opp med flott morsdagsmiddag: Hasselback-poteter, indrefilet og diverse tilbehør! Dessutan tok han unna ein stor oppvask! Elles fekk mor merksemd i form av eksklusiv eplesider og Guylian-sjokolade! Ikkje lite, kva?
Elles kan vi avslutte med å informere at flybillettane til noregsferien er bestilt. MB og borna reiser alt den 28.4. – ni veker før termin, medan Gunstein kjem etter den 27.5. De som les dette og som ber, kan gjerne be om at babyen roar seg innabords til vi alle er vel framme på Ganddal, - også far sjølv!
14:35 Permalink | Comments (6) | Email this
02/13/2007
Kneler på besøk
18:45 Permalink | Comments (1) | Email this
02/11/2007
Kindergarten
I veka vi går inn i no, har våre to små ferie! Førre veke starta dei nemleg i barnehagen ”Stepping Stones” som då altså skal ha ”half term” ei vekes tid.
Sjeldan har vel familien Ohma vore så spontane, men då ein sponsor melde seg på nyåret – og sidan fleire –, besøkte vi barnehagen den eine måndagen, og neste måndag hadde vi altså fått to barnehageborn! Dette ser ut til å vere midt i blinken for dei begge, og særleg MA nyt dei nye utfordringane.
Barnehagen blir driven etter britisk opplegg, så dette er nærmast som skule å rekne. Vi har valt å ha dei i same gruppe, eller klasse som dei seier i barnehagen, 3-4 år. MA kunne aldersmessig ha vore i gruppa over, men der vert det forventa at dei skal lære lese og skrive, og vi ser at han vil ha nok med å lære seg munnleg engelsk… Tilsvarande kunne AH med fordel ha vore i gruppa under, for opplegget er nokså krevjande for ei som enno ikkje har fylt tre år, men vi trur dei begge raskare blir trygge om dei får vere i lag. Dei held jo også elles alltid i hop og har stor glede av kvarandre. Til no har dei ikkje akkurat vore bortskjemde med leikekameratar, så det har vore ei stor velsigning at dei har hatt slikt godt selskap i einannan!
Første dagen lærte MA seg å telje til fem på engelsk, og AH overraska oss med strofa ”What’s your name?” Etter tredje dagen høyrer vi plutseleg MA syngje ”Inzi Winzi spider” (Vesle Petter edderkopp), så det er utruleg kor fort born plukkar opp eit nytt språk! No har mor høve til å vere med desse tre halve dagane (mån. - ons.) heile våren, og det ser ut til at AH vil trengje ei stund på å bli fortruleg. MA derimot, syntest vi kunne gjere som dei andre; levere om morgonen, og hente kl 12.30! Ikkje det at han forstår alt, seier han, men han ser då kva dei andre borna gjer, og så gjer han det! I tillegg til klasseromsundervisning med skriving, teikning, måling, klipping, liming etc, har dei dessutan musikkundervisning, tennistime og bading! Ikkje småtteri!
Så tusen hjartelege takk til sponsorane våre som har gjort dette mogleg! Både foreldra og dei to håpefulle set utruleg stor pris på denne sjansen!
17:43 Permalink | Comments (3) | Email this