03/13/2007

Kva skal barnet heite?

medium_3D-ultralyd.2.JPG
Om ikkje kvar dag, så er det ikkje så langt unna tilfellet – at vi dagleg har oppe spørsmålet: Kva skal babyen heite? Tanken kvernar hos oss som foreldre, og vi har lenge sidan innsett at det vert vanskelegare å einast om eit namn til nummer tre enn det var til dei to første…

Også borna våre er opptekne av å finne eit godt namn til babyen vi ventar slik på. Kanskje særleg er storebror oppteken av spørsmålet, og han har stadig nye forslag. Hans preferansar er alt frå namn i bøker vi les for han til namna på folk han kjenner eller namn han diktar sjølv.

I kveld under kveldsmaten – då temaet kom opp nok ein gong –, fann vi fram penn og papir og fekk ned nokre av forslaga frå våre to små. AH var ikkje lenge i stuss; ho har to namneforslag, - eitt for jente og eitt for gut. Framleis ser ho helst at det vert jente – og då må namnet vere Leah –, men ho trur det vert ein gut, og då må han heite Ole. Storebrors forslag er desse for gut: Pål, Per Ole, Andreas, Peter eller Petter, Julian Johannes, Samuel, Faska. For jente har han desse forslaga: Lina, Isabell, Sina, Frina.

Vi som foreldre har også ei liste, men vi er ikkje samde om alle forslaga… Vektlegginga av kva som bestemmer namnet, er litt ulik. Mor er oppteken av at namnet skal klinge godt, at det skal vere eit dobbelt namn slik som for dei to første borna, og at namnet på nummer tre må stå litt i stil med namna til dei to eldste. Dessutan er mor ganske så oppteken av at namna skal ha ei god tyding (i alle fall minst eitt av dei to namna), samt ikkje vere altfor vanleg. Utover dette synest ho også at det hadde vore artig å få til ei oppkalling, kanskje også eit swahilinamn… Far, derimot, er mest oppteken av at namnet ikkje skal gje grunnlag for mobbing, og at det skal klinge fint. Kriterier som oppkalling, dobbelt namn osv, er sekundært.
Til orientering: Helst skulle vi ha kalla opp morfar Reidulf og farfar Karl, men det synest vere ekstra vanskeleg. Difor har vi også nokre forslag til oppkalling av MBs farfar Jens og Gunsteins farmor/farfar Jennie/Gunerus.

Her er forslaga våre for gutenamn (alfabetisk):
Jens (Gud er nådig) Gabriel (Guds stridsmann)
Jens Gunerius (stridsmann)
Julian (med dun på kinn, altså ung…) Gunerus
Julian Rafiki (swahili: venn)
Kaleb (god, trufast) Rafiki
Samuel (Gud høyrer/bønhøyrt) Imani (swahili: tru/barmhjertig – er i Noreg registrert som jentenamn…)
Samuel Rafiki
Silas (den tredje/ein som er venta på) Imani

Så forslaga våre til jentenamn (alfabetisk):
Kaja (reinsa, rein) Rehema (swahili: Guds nåde, Guds velsigning – lykke)
Lisa (Guds lovnader) Rehema

Vel, så må de gjerne stemme på det namnet de likar best, eventuelt kome med andre gode forslag!

03/11/2007

For dei mageinteresserte - 24 veker på veg!

medium_20070311_Magebilete_24_veker_på_veg_290.2.JPG
medium_20070311_Magebilete_24_veker_på_veg_292crop.2.jpg

Små born – store gleder

medium_20070311_LegoMats_296.JPG
Ein mann som heiter Knut (slik AH uttrykte det), kom i dag innom med to store gåver frå faster Ingfrid og søskenbarnet Andrea. Sidan det no er midt mellom MA sin bursdag 31. mars og AH sin bursdag 28. februar, fekk dei begge opne pakkane etter middagen. Det blei sjølvsagt full klaff! MA brukte resten av dagen til å byggje legobrannbilen med heisekran og greier.

Det heile toppa seg då mor skulle opp for å sjå på dei som trena fotball og på same tida sørgje for å få kveldsmaten i ungane. Då hadde MA bygd lego i eit par timar alt. Ute skein sola med 28 herlege varmegrader. Og så? Mykje kjekkare med lego, må skjøne! ”Kan ikkje du berre lage til ei skive til meg, mamma, og sette fram eit glas mjølk på bordet, så kan eg bare ete her?” Mor skjøna at her var det eit sterkt og inderleg ønske, så ho laga til ei god skive, eit glas mjølk, ei halv appelsin og bananar.

Då MA låg klar i senga og berre venta på godnattklemmen, konstaterer MB saman med guten ”at i dag trur eg du har kosa deg glugg i hel med lego heile ettermiddagen!” Guten svarar: ”Ja, og så hadde eg et veldig fint måltid. Først tok eg ein slurk melk. Så song eg for maten. Så åt eg opp skiva og drakk opp melka. Så åt eg appelsinen og til slutt tok eg ein banan.” Synest eg ser 5-åringen innta kveldsmaten saman med seg sjølv og legobrannbilen og kose seg retteleg! Små born – store gleder.

03/03/2007

Stor jente - heile 3 år!

medium_20070228_Anina_Helen_3_år_170.JPG
Etter heseblesande, men gode dagar under konferansen i veka som var, manna vi oss i dag opp til eit skikkeleg barneselskap. Vi kunne ikkje akkurat late som om jenta vår ikkje fylte stor dag den 28.02. – heile tre år!
medium_20070303_Anina_Helens_bursdagsfest_217.JPG

Med åtte inviterte gjestar frå 0-6 år, måtte dette bli bra. Ungane fekk starte med å pynte sin eigen muffins – til eit froskefjes! Skikkeleg knallgrøn konditorfarge gjorde at somme av borna lurte på om dette kunne etast… Elles var kaka bringebærgele frå Noreg med bringebær frå Arusha i. Far sjølv stod for underhaldninga; skattejakt og ”memory” på ”storskjerm”.
medium_20070303_Anina_Helens_bursdagsfest_229.JPG


Då alt var over etter vel halvannan time, spurde vi våre to om dei syntest det hadde vore ein bra fest. ”Ja, men det var litt lite,” svara storebror. ”Korleis då lite?” spurde vi. ”Det vart så fort slutt,” kom det kontant. Og vi som syntest vi hadde stått på både vel og lenge…

PS: Dukka som AH godar på, vart ei kjærkoma gåve frå mor og far - jamvel om ho hadde ønskt seg ROSA lego. Det er ikkje noka kva som helst dukke; ho både luktar som ein baby og skrik som ein baby når smukken er ute av munnen. Det har den vore meir enn nok, - om du spør foreldra. Slik sett god tilvenning før vi får ein levande skrikarbaby i hus... DS