05/25/2007

Gunstein 31 år!

I dag skulle Gunstein eigentleg ha vore på regionsstyremøte for deretter å sitje heile natta med referatskriving. I staden fekk han lov å feire 31-års-dagen sin saman med familien og dessutan foreldra, systera og niesa.

Det har seg nemleg slik, for dei av dykk som enno ikkje er informerte, at Marita Bette med dei to små reiste til Noreg 28.04., 9 veker før termin. Altså i god tid før terminen for å vere sikre på at det ikkje vart prematur fødsel i Nairobi. Etter knappe to veker i Noreg vart kynnarane hyppige og kraftigare, så vi fann det best med ein ekstra kontroll på fødeavdelinga. Der vart det konstatert modning. Både lege og jordmor råda då barnefaren å kome heim så raskt råd, sidan fødsel kunne starte alt neste dag. Dette var onsdags kveld. Fredag føremiddag var Gunstein her alt – til overrasking og stor glede for borna som ikkje visste noko!

medium_20070511_Pappa_kom_overraskande_3_.JPG

Bildet seier vel sitt om gjensynsgleda!

AH var raskt opp i famnen på far, klemde og kosa og kunne ikkje vere god nok på han. MA stod ettertenksam på dørlista: ”Skulle du vere her i dag?” Etter nok ei tenkepause, spør han: ”Har du kanskje hatt 17. mai?” For å forklare tidsaspektet – heile fire veker skulle vi ha vore frå kvarandre – hadde vi nemleg sagt at det først skulle gå ganske lenge til 17. mai, deretter enno ti dagar før faren kom…

Og Mia/Mika? – Denne babyen har lurt oss alle, eller kanskje heller: Gud har gjeve svar på bøna vår; krabaten skal få lov å bli noko større enn det såg ut til to veker sidan! No satsar vi på å gå inn i juni med stor mage!

medium_20070517_17._mai_999_18.JPG


medium_20070517_17._mai_999_23.JPG


medium_20070517_17._mai_999_11.JPG
Glimt frå 17. mai

04/22/2007

Fit for Flight

I går var det akkurat ei veke til tre av oss reiser til Noreg, eller rettare: fire av oss – mor, MA og AH og sjølvsagt Mia/Mika. Far må dessverre jobbe endå ein månad før han kan kome etter den 27.5.

Måndag var vi på den siste svangerskapskontrollen her i Nairobi, og mor fekk godkjendstempelet for å kunne ta ut på lang flyreise. Heldigvis, må vi seie! Dei to små byrjar også vere klare; MA har gjennom fleire veker no nemnt turen vår som bønneemne på bønnemøta, og AH har tydelege trekk av separasjonsangst – slik også faren har det. Dei to vart særskilde perlevener under ferieturen til kysten…

Vi vert svært takksame dersom nokre av dykk som les dette, kan vere med å be om at turen må gå godt, og at tida som vi har frå kvarandre, går fort. Dessutan ber vi om at babyen ventar med å kome til ei stund etter at også far har landa på norsk jord... Eit stort takkeemne er at Reidun Svensen som bur og jobbar i Arusha, vil vere med oss som reisefølgje og ”nanny”. Tusen takk, Reidun, det set vi enormt stor pris på!

medium_20070421_30_veker_stor_mage_cropcrop999_6.jpg

30 veker stor mage

04/21/2007

Glimt ifrå påska

No er det ei stund sidan førre oppdatering på bloggen. Det skulle vel tyde på trivsel og at vi har litt av kvart anna å gjere. Dessutan har vi hatt noregsbesøk – nokre gode vener, ein familie på fire, der mor og far er fadrar til AH. Dei kom fredags morgon den 30.3., laurdag feira vi femåringen vår og palmesøndag var her konfirmasjon for to flotte jenter.

medium_20070331_Elin_og_Øyvind-besøk_494.JPG

MA skal blåse ut dei fem lysa på den påskeinspirerte bursdagskaka

Deretter var det å rekkje over mest mogleg i Nairobi – vi har litt av kvart her som er kjekt å vise fram: sjiraffparken, foreldrelause elefantar, gådyreparken og dessutan diverse handlesenter mm. Mor sjølv var sjeldan med på desse utfluktene; ho måtte passe på å få kvile innimellom…
medium_IMG_2818.jpg
medium_IMG_2819.jpg
medium__MG_2820.jpg

Gunstein får eit saftig kyss

Alt klokka seks onsdags morgon den 4.4. reiste mann og barn, samt gjestar av garde søraustover. Mor vart sett i ”husarrest”. Her blir ein nemleg fråråda å køyre noko særleg bil etter seks månaders svangerskap pga humpete vegar… Kan hende hadde det gått godt, men vi fann det ikkje verd å ta sjansen, særleg ikkje sidan desse kynnarane kjem litt oftare enn for dei fleste andre gravide. Dessutan måtte nokon vere på jobb; ta stasjonsvakta som inneber ansvaret for gjestehuset og for å passe telefonen. No vart det ikkje ei særleg strevsam vakt – telefonen var ”død” heile påskeveka, så det vart gode høve for å liggje på solsenga i hagen og lese oppbyggjeleg påskelitteratur.

Dei ferierande stansa først på ein ”tented camp” i Tsavo nasjonalpark. Der åt dei både lunsj, kaffi og kvelds samstundes som dei hadde panoramautsikt til dyra som vandra forbi på sletta…
medium_20070404_Elin_og_Øyvind-mombasa_crop518.jpg

Eit par turistar som studerer dyrelivet i Tsavo nasjonalpark

I tillegg hadde dei ein ettermiddagssafari og ein morgonsafari før dei køyrde vidare til Mombasa med sol og badeliv!
medium_images.jpg

Herlege Mombasa!

På kysten fekk dei attåt med seg påskegudsteneste på Wema; ein tidlegare misjonsstasjon som no er på nasjonale hender. Det var visst ein varm dag, så sveitten rann i elvar nedover både rygg og bein…
medium_20070408_Mombasatur_763.jpg

Sjekk dei våte ryggane!

Så må eg innrømme det var litt rart å vere att heilt åleine heime. Kan ikkje hugse førre gong… På ein måte var det litt herleg også å få høve til å gjere det som ein ville til ei kvar tid, men saknet etter dei andre tre drog ned... Dessutan kjende eg på noko tilnærma misunning overfor dei som var på ein slik flott tur.

Like fullt, premien til slutt er verd prisen! (Dessutan såg dei ingen leopard…)

03/23/2007

Birthday party

medium_20070323_Birthday_party_til_Rene_og_Kai_330.JPG
Medan pappa sat på bussen på veg heim frå reiseskule i Arusha, fekk vi andre tre oppleve kakse-sosse-party, for å seie det mildt. Ein av gutane i barnehagen fyller fire år, og han er av dei som tilhøyrer vestkants-Karen. Dette området vidare forbi Karen Blixens residens, er nydeleg og roleg, fortryllande grønt og frodig. Ingenting avslører at dette er ein del av millionbyen Nairobi. Tvert om er det heller landleg og eigedomane er store og romslege.

Slik også i hagen vi fekk vere i nokre ettermiddagstimar i dag. Trass i at det for dagen var leigt inn eit heilt team av kenyanske underhaldarar som hadde sett opp eit stort hoppeslott, ei dukketeaterscene og eit mattelt, var det enno rikeleg tumleplass for dei alle titals ungane som var inviterte. Med det same såg det ut til at foreldra droppa av borna sine og reiste heim att. Det kunne dei fint gjere, for her var ein klovn som underheldt og leika med ungane, ein som sat pal og måla barnefjesa riktig kunstferdig, i tillegg til fire-fem ”nannies” som sørgja for at alle borna hadde det bra.

Eg vart rett ut imponert over desse kenyanske barneunderhaldarane, og då eg overfor vertinna skrytte av kor dyktig denne ansiktsmålaren var, stadfesta ho at han er ein riktig kunstnar, - og dessutan: alle borna kjenner han etter kvart veldig godt.

Med andre ord trur eg vi held fram med å invitere berre tomtefolk i våre bursdagsfeiringar, for ettersom det er forventa å leige inn eit heilt slikt team, har ikkje vi råd til å markere bursdagar. Dessutan ville vel dei av foreldra som etter kvart vart verande på festen, blitt nokså skuffa over oss som ikkje serverer sterkare drikk enn sprudlande sukkerbrus…
medium_20070323_Birthday_party_til_Rene_og_Kai_331.JPG
medium_20070323_Birthday_party_til_Rene_og_Kai_335.JPG
medium_20070323_Birthday_party_til_Rene_og_Kai_341.JPG