11/25/2007
På tide...
No har vi lese på andre sine bloggar, og då seier MA at han synest det er på tide vi oppdaterer vår... Det har han jo rett i.
Ikkje minst burde vi fortelje kor godt det har gått med AH. Rett etter at vi fekk stadfesta diagnosen frå fleire hald, reiste vi noko forseinka på reiseskule til Kapenguria. Kvelden før vi køyrde, fekk vi telefon frå lege i Noreg med klarsignal om at ho berre måtte byrje belaste foten så sant ho sjølv var komfortabel med det. Då vi så grytidleg neste morgon tok ungane ut i bilen, seier vi til AH at ho kan få lov å gå - for til då hadde vi minna ho om å krype dei gongene ho hadde reist seg på to. "Eg kan gå!" jubla jentungen då! I nokre veker hadde ho haltande gange, men no spring ho som før. Vi takkar Gud for at det heile gjekk så godt! - Og vi takkar for forbøn, for den merktest.
Elles får vi kome tilbake med ny oppdatering når G og AH er tilbake frå reiseskule i Kiabakari, Tanzania. Dei har med pcen vår og alle bilda... Litt kjedeleg å blogge utan bilde, det er vi skjønt einige om, både MA og eg, men han vil fortelje litt, han også:
VI HAR VÆRT I SAMBURU. VÆT DU HVA VI SÅ? VI SÅ 2 LØVER SÅM LÅ OG EN GRAVY SEBRA OG APER OG ORYX OG MANGE ANDRE DYR.
- Dette var altså på heimvegen frå Pokot. Då køyrde vi kl 05 om morgonen frå Kapenguria, via Nakuru og ein heil omveg til Samburu (ettersom vi hadde fått høyre at området rundt Maralal var utrygt, kunne vi ikkje køyre på tvers, forbi Baringo). Vi var framme ved lodgen mellom kl 18 og 18.30... Ja, vi har ungar med køyrekondis! Dagen etter køyrde vi i parken, neste dag ein liten morgonsafari før vi køyrde mot Nairobi. Først i 17-tida var vi heime. Og ungane var godt nøgde! Så då var vi vaksne det òg!
06:50 Permalink | Comments (2) | Email this
10/13/2007
Ei sjukdomshistorie
Sjå, ho kan gå!
Kanskje somme av dykk som les bloggen vår stussar over å sjå AH i vogn ved gapahuken som elevane og ungane elles på tomta har bygd. Vogna har vi fått låne av gode naboar i eit par veker, ettersom AH plutseleg slutta å gå og berre ville krype.
Vi har hatt to vanskelege veker der vi har vore mykje engstelege for AH. No ser alt ut til å ordne seg, og AH har svært gode utsikter for å bli heilt frisk. Vi har skrive ned litt om korleis vi har hatt det dei to siste vekene. Om du vil lese meir om det, kan du trykke på linken til fila nedanfor. Takk for alle som har hugsa på oss og AH på ein særskild måte!
Ohmas
13.10.07.doc
19:10 Permalink | Comments (4) | Email this
09/28/2007
På kenyansk tv

Som samvitsfulle borgarar, om enn utflytta til Kenya, så sørgja vi for å få stemt ved kommune- og fylkestingsvalet. I riktig god tid førehandsstemte vi på den norske ambassaden, og sidan følgde vi godt med på ferske resultat på nettet og seinare i eit par veker gamle papiraviser.
Det har slått oss at vi skulle ha gjort det same i Noreg som dei gjer her i Kenya. Her skal det nemleg vere presidentval i næraste framtid. Ingen veit den eksakte datoen enno, men alle reknar med det blir ein gong mellom midten av oktober og jul. Først må nemleg den sitjande presidenten løyse opp den noverande regjeringa. Deretter skal det gå ei viss tid før valet. I mellomtida er det mykje spennande som skjer i det politiske biletet med nye koalisjonar og alliansar, og kanskje også nye parti. Vi synest det er vanskeleg å få oversikta, og det trur vi det må vere for den jamne kenyanar også. Difor er det så flott å sjå at dei legg valet i Guds hender, han som verkeleg har oversikta! Vi vil vere med å be om eit roleg val slik det står skrive over skjermen: ”National prayers for peaceful elections 2007”.

Det er gjerne uvanleg å fotografere tv-skjermen, men vi måtte berre avbilde dette også: kenyansk tv sende kvinnefotballens VM-oppgjer mellom Noreg og Tyskland! På direkten!

09:00 Permalink | Comments (0) | Email this
09/26/2007
Gjøkungen

I går var vi på kontroll med JG og han fekk heile tre vaksiner. Dermed fekk han oppleve ein av livets harde realitetar, men "smerte er 'ke fa'lig", noko derimot mange sjukdomar er. Vi er heldige som har tilgong til slike vaksiner. Det er det ikkje alle borna her i Kenya som har.
Elles fekk vi stadfesta at JG har trekk av å vere det mommo har kalla han, - gjøkunge (eller gaukunge). Tre månader gamal er han like stor som storebroren var ved dobbel alder! 6850 gram. Storesyster var endå eldre før ho nådde same vekta.
Klikk på lenka under og sjå JG på video 3 månader gamal.
JG.wmv
20:55 Permalink | Comments (2) | Email this