01/26/2008
Heime igjen
For nokre få minutt sidan høyrde vi skot ikkje så langt unna. Vi vel å tru det var fyrverkeri! Den observante lesaren hugsar at vi ei tid tilbake skreiv litt om tv-send bøn for eit fredeleg val her i Kenya. Utan tvil kan vi seie at Gud ikkje svara heilt slik vi kunne ønskje, på den bøna.
No ser det ut til at denne konflikten ikkje lenger berre dreier seg om kven som vann presidentvalet, eller kven som juksa mest eller minst. Det heile har utløyst ein konflikt mellom etniske stammar. Ja, meir som å helle bensin på eit bål. No såg eg akkurat på VG at dei skriv at valden blir grovare. Han som er her og meklar no (vi vel å ikkje nemne han på namn), var ein runde og såg område i Kenya som skal vere spesielt hardt ramma. Han konstaterte at det føregår og har skjedd klare brot på menneskerettane. Når folk blir brent levande, treng ein kanskje ikkje vere tidlegare generalsekretær i FN for å konstatere akkurat det. Så fortel Charity, vår eminente kontordame, om korleis konflikten har forandra lokalsamfunnet. Naboar som har vore gode naboar og som ho ofte prata med tidlegare, snur no ryggen og helsar knapt. Endåtil i kyrkja er det slik. Det er definitivt ein tragedie for det kenyanske folk og her har det blitt djupe sår som det treng mykje legehjelp for å behandle. Gudstrua er det viktigaste for kenyanarane, og kyrkja er difor ein svært viktig instans i fredsarbeidet. Ver gjerne med å be for freds- og forsoningsarbeidet som vi i NLM skal vere med å fronte her i Kenya.





19:35 Permalink | Comments (4) | Email this