10/13/2007

Ei sjukdomshistorie

Sjå, ho kan gå!

62ea9afe44bded0d88e9bc74863dfefa.jpgKanskje somme av dykk som les bloggen vår stussar over å sjå AH i vogn ved gapahuken som elevane og ungane elles på tomta har bygd. Vogna har vi fått låne av gode naboar i eit par veker, ettersom AH plutseleg slutta å gå og berre ville krype.

Vi har hatt to vanskelege veker der vi har vore mykje engstelege for AH. No ser alt ut til å ordne seg, og AH har svært gode utsikter for å bli heilt frisk. Vi har skrive ned litt om korleis vi har hatt det dei to siste vekene. Om du vil lese meir om det, kan du trykke på linken til fila nedanfor. Takk for alle som har hugsa på oss og AH på ein særskild måte!

Ohmas

13.10.07.doc