09/28/2007
På kenyansk tv

Som samvitsfulle borgarar, om enn utflytta til Kenya, så sørgja vi for å få stemt ved kommune- og fylkestingsvalet. I riktig god tid førehandsstemte vi på den norske ambassaden, og sidan følgde vi godt med på ferske resultat på nettet og seinare i eit par veker gamle papiraviser.
Det har slått oss at vi skulle ha gjort det same i Noreg som dei gjer her i Kenya. Her skal det nemleg vere presidentval i næraste framtid. Ingen veit den eksakte datoen enno, men alle reknar med det blir ein gong mellom midten av oktober og jul. Først må nemleg den sitjande presidenten løyse opp den noverande regjeringa. Deretter skal det gå ei viss tid før valet. I mellomtida er det mykje spennande som skjer i det politiske biletet med nye koalisjonar og alliansar, og kanskje også nye parti. Vi synest det er vanskeleg å få oversikta, og det trur vi det må vere for den jamne kenyanar også. Difor er det så flott å sjå at dei legg valet i Guds hender, han som verkeleg har oversikta! Vi vil vere med å be om eit roleg val slik det står skrive over skjermen: ”National prayers for peaceful elections 2007”.

Det er gjerne uvanleg å fotografere tv-skjermen, men vi måtte berre avbilde dette også: kenyansk tv sende kvinnefotballens VM-oppgjer mellom Noreg og Tyskland! På direkten!

09:00 Permalink | Comments (0) | Email this
The comments are closed.