09/24/2007
På 'an igjen...

I går vart JG tre månader. Dermed er det også tre månader sidan førre oppdatering på bloggen, og vi innser at tida flyg. Tre månader er eit heilt kvart år!
Eit kvartals tid var også lengda på noregsopphaldet vårt i sommar. Det er ganske lenge, det! Då var det unekteleg godt å kome heim til Nairobi. – Borte bra, men heime best. Det er godt å oppleve det slik, og vi kan meddele at vi er glade for å vere tilbake og takkar Gud for at vi skal få ha tenesta vår her endå nokre månader.
Her var alt som vi forlét det, - med visse unntak. I huset var alt ”strøkent” – Teresiah, vår gode hushjelp, hadde stått på, rydda og vaska overalt, og frysaren var fylt med mykje god gjærbakst. Bordet stod dekka med nydeleg kveldsmat, m.a. ferske rundstykke og eggerøre, i tillegg pynta med levande lys og ein stor bukett raude roser. Omtenksame naboar!
I hagen fekk vi sjå at ting veks sjølv når ein er borte. Papayatrea har byrja bere frukt – vi har klart få fram både eit fruktberande hotre og eit blomstrande hanntre. Begge må til om det skal verte etande frukter. I tillegg har tretomattreet vårt brukt all si kraft på å bere fram éi frukt! I strevet (her hadde ikkje vore regn), hadde det ofra nesten alle blada sine! Men best av alt: vi har fått bjørnebær i hagen! Om lag eitt års tid sidan registrerte mor at fuglane må ha sådd nokre vekstar som heilt klart kunne minne om bladverket til bjørne- eller bringebær. Etter kvart som dei vaks til, heldt vi ein ekstra knapp på bjørnebær, men sidan byrja vi miste håpet om at det var noko anna enn villnis. Det kom jo aldri verken blomar eller bær på dei! Heldigvis rakk vi ikkje instruere hageguten vår, John, om å ruske dei vekk før vi reiste, så no gler vi oss stort over massevis av modne bjørnebær i kjøkenhagen!
Til vern mot grådige fuglar har John bygd eit fort rundt bjørnebæra!
I tillegg hadde John sørgja for at det var velstelt i beda, og kaninane har han halde liv i, alle saman, t.o.m. nabogutens kanin som hadde leigt husrom… Den fekk John overta, han hadde alt i sommar fått teke over både bur og kaninar frå same nabo, og John vart ikkje mindre glad for endå meir kjøt til gryta… Slik har kaninane fått gjort meir nytte for seg enn berre kos for ungane våre. Vi hadde forresten sjølve nydeleg kaninmiddag førre månad, kokt i ”Rondane viltgryte”, ein gryterettspose med opphav i Noreg arva frå heimreiste misjonærar.
Skulestart vart pangstart for oss – rett på jobb med det same vi kom att, mykje program frå morgon til kveld. Det høyrer med når det er ”fellesperiode”. Då er her i det heile meir liv – mykje folk på gjestehuset, og dermed også mykje anna, som t.d. sjukdomar. Fleire artar florerte på tomta, men vi klarte unngå det meste, også lusa som herja somme. Vi slapp i grunnen svært lett denne fellesperioden, berre éi forkjøling på oss.
Etter fellesperioden starta MA og AH i barnehagen att. Der kosar dei seg stort begge to. AH heldt fram i si gruppe, medan MA flytta opp eitt alderstrinn. Han har dessutan utvida til fem halve dagar. Det ser vi har hatt sitt å seie for å få grep om engelsken. I tillegg har MA knekt lesekoden! JG veks. Han er alt til stor glede og velsigning for oss alle med sitt gode smil. Han trivst forresten betre etter at mor slutta drikke mjølk/ete mjølkeprodukt, - det tok av for kolikksmertene. Vi som foreldre gler oss over at han også om kvelden kan sovne ved eiga hjelp no, - utan trilling eller bering…
Elles får bileta fortelje litt om kva vi har gjort etter at vi kom heim…

... Skulestart. Elevane ved NCS 2007.

… AH snakkar med farmor og farfar over Skype.

… ”Staff appreciation” med "team building" som mål. Vi går på ski!

… JG og Elisabeth





… Tomtetur til Naivasha/Fisherman’s camp med båttur til Crescent Island. Her spaserte vi mellom sjiraffar, gnu og impala!
Eit lite PS: Då vi kom tilbake til Nairobi var her enno ganske kaldt, så vi rakk å fyre i peisen nokre gonger. No er her derimot godt og varmt, om lag slik her brukar vere juletider. Kanskje difor sette MA på ei juleplate og lurte på om vi ikkje kunne bake julemenn og pepparkaker! Julestemning kan ein få av så mangt! I haust førebur vi oss likevel på å takle kaldare julevêr. Flybillettar er bestilt 21.12.-11.01. Det blir julefeiring på Ganddal og bryllaups- og nyttårsfeiring i Volda!
20:35 Permalink | Comments (2) | Email this



Comments
Aiaiai. Eit slikt blogginnlegg gjer at skepsisen for utreise (som faktisk såvidt har vore til stades dei siste dagane) no er erstatta med rastlaus kribling og reisefeber. Snakkast om ei veke!
Posted by: Reier | 09/25/2007
What a nice moment reading your news.Mungu awabariki sana!
Posted by: Laila from Finland | 09/26/2007
The comments are closed.