06/25/2007
We have been blessed with a babyboy!
Glade og lukkelege foreldre og storesysken kan no fortelje at babyen som lenge har truga med å kome, endeleg bestemte seg for ein dato berre ei veke før termin! Jonsokafta klokka 9 om morgonen var vi på sjukehuset, og ein time seinare var guten ute. 3322 gram tung, ein halvmeter lang og 35 cm rundt vitet.
Far klipper over navlestrengen

Berre nokre minutt gamal
Vi har strevd nokre dagar (månader) med å kome fram til namnet. Når då babyen kom på sjølve St. Hans, dagen vi minnast døyparen Johannes, kjenner vi det mest som ei openberring. Jens* som var eit av namna vi hadde tenkt på, er jo ei kortform av namnet Johannes. Jens har slik tydinga ”Gud er nådig”. Gabriel** som var namnet vi hadde tenkt å kombinere med Jens, var namnet på engelen som kom til Sakarias med bodskapen om at dei skulle få ein son, nemleg Johannes. Dette namnet har også ei god tyding, ”Guds mann”.

Så då har vi altså bestemt oss for namnet: Jens Gabriel. Jens fordi vi har opplevd og stadig erfarer at Gud er nådig, og Gabriel fordi vi ber om at guten vår vil vere ein Guds mann heile livet. Så vonar vi òg at dette vil vere eit godt namn for guten, og at han kan vere glad i namnet sitt.
* (oppkalling etter Jens, farfar til MB, og Jennie, farmor til G, m fl)
** (etter Gunnerus, farfar til G, og etter far G sjølv, m fl)
17:15 Permalink | Comments (17) | Email this
06/16/2007
Babyoppdateringar
Denne babyen er og blir ein merkeleg krabat. Det same kan vi seie om magen til Marita Bette og ikkje minst om livmora. Etter at Gunstein i hui og hast reiste frå Nairobi for å rekke fødselen og ikkje minst for å bidra med barnepass av dei andre to ungane, har barnet halde seg ”innandørs” i over ein månad til. Etter siste ultralyd som viste at babyen no er over 3 kilo og vel stor nok for å tole utandørslivet, er det no rolegare fødselsaktivitet enn på lenge. Frå å be instendig om at fødselen skulle dryge, ser det no ut til at vi må ta ein lengre tur for å sette i gong fødselen igjen. No skal det seiast at Marita Bette har teke livet utruleg roleg den siste månaden. Like fullt synest vi det er heilt utruleg at vi no berre er knappe to veker unna termindato. Vi skjønar at mange har bedt…
Så er det kva dato vi skal velje som bursdag til babyen? På fødeavdelinga ønskja dei at vi venta til måndag 18.06. med å byrje turgåinga fordi det var svært mange som hadde termin i helga. I alle tilfelle er vi trygge på at vår gode skapar har dette i si allmektige hand. I mellomtida ventar vi i spaning på ”Mika”.
Sommar tidleg i juni med 25-27 grader!
19:25 Permalink | Comments (0) | Email this
Marita Bette 32 år!
Det er fantastisk å tenke på at den vesle jenta er 32 år. Jenta som då ho var fleire og tjue år, fekk spørsmål om ho skulle ha barnebillett på trikken, er blitt godt over 30 år. Det er ikkje så veldig mange dagane sidan ho hadde bursdag. 31.05 var den store dagen. AH, MA og Gunstein vil gjerne gratulere vår kjære mamma og kone med vel overstått bursdag. Vi er veldig, veldig glade i deg.
Nesten 37 veker på veg
19:24 Permalink | Comments (1) | Email this