06/25/2007
We have been blessed with a babyboy!
Glade og lukkelege foreldre og storesysken kan no fortelje at babyen som lenge har truga med å kome, endeleg bestemte seg for ein dato berre ei veke før termin! Jonsokafta klokka 9 om morgonen var vi på sjukehuset, og ein time seinare var guten ute. 3322 gram tung, ein halvmeter lang og 35 cm rundt vitet.
Far klipper over navlestrengen

Berre nokre minutt gamal
Vi har strevd nokre dagar (månader) med å kome fram til namnet. Når då babyen kom på sjølve St. Hans, dagen vi minnast døyparen Johannes, kjenner vi det mest som ei openberring. Jens* som var eit av namna vi hadde tenkt på, er jo ei kortform av namnet Johannes. Jens har slik tydinga ”Gud er nådig”. Gabriel** som var namnet vi hadde tenkt å kombinere med Jens, var namnet på engelen som kom til Sakarias med bodskapen om at dei skulle få ein son, nemleg Johannes. Dette namnet har også ei god tyding, ”Guds mann”.

Så då har vi altså bestemt oss for namnet: Jens Gabriel. Jens fordi vi har opplevd og stadig erfarer at Gud er nådig, og Gabriel fordi vi ber om at guten vår vil vere ein Guds mann heile livet. Så vonar vi òg at dette vil vere eit godt namn for guten, og at han kan vere glad i namnet sitt.
* (oppkalling etter Jens, farfar til MB, og Jennie, farmor til G, m fl)
** (etter Gunnerus, farfar til G, og etter far G sjølv, m fl)
17:15 Permalink | Comments (17) | Email this
Comments
Hei alle dere! Gratulerer såå masse med den skjønne gutten!! minstejenten min, Otilie 2 år, er helt betatt. "sjåååå, baby!!!" Mange klemmer fra oss; Otilie, Iben, Asbjørn og Eirin!
Posted by: eirin | 06/25/2007
Gratulerer så mye med den flotte gutten! Fint å høre at det står bra til med dere alle! Lykke til!
Posted by: Berit | 06/25/2007
Hongera - far ser mer sliten ut enn mor - åssen har det seg da.... karibuni Africa tena....
Posted by: reidun in africa | 06/25/2007
Gratulerer med guten!!!! Kjekt å kunne sjå bilda. Kos dokke resten av ferien og god tur tilbake til Kenya.
Posted by: Brit Lise | 06/25/2007
Endeleg! Gratulerer så mykje!
Posted by: Reier | 06/26/2007
Endeleg! Gratulerer så mykje!
Posted by: Reier | 06/26/2007
Kjære dere!
Gratulerer så mye, denne nyheten har vi ventet på ! Fint navn også! Må Gud velsigne dere alle fem! Blir vel liten sjangs for å få se vidunderet før dere/vi reiser, men gleder oss til bilder og oppdatering på bloggen...
Posted by: Elisabeth & Jostein | 06/26/2007
for en nydelig gutt! så masse svart hår! jeg syns han likner mats adrian, jeg. flotte bilder!
Posted by: kirsti og bjarne | 06/26/2007
Praise the Lord! We were so happy with mummu to hear about the baby.I visited her just the mornig you got the baby.
Posted by: Laila | 06/27/2007
Gratulera !! Men .. eg trudde han sko hetta Mika.. ??
Posted by: Annette | 06/27/2007
gledelig for oss å se at dere har det bra og at dere har fått en ny fin gave og oppgave. Klem fra Nord-varhaug
Posted by: kari synnøve | 06/28/2007
Gratulerer så mykje! Artig med bilete også - og med namnet: For meg som både har ein far og ein son som heiter Jens er det jo ekstra spesielt!
Vonar de får mykje glede av den nye Jens'en!
Tante Bjørg helsar også masse...
Posted by: Onkel Jon Arne | 06/28/2007
Så flott med gladmeldinga om at sonen er komen. Me var på kysten ein snartur då meldinga tikka inn! Må Gud velsigna den nye prinsen i heimen!!
Me saknar dykk veldig her nede( lite skvaldring og syging på verandaen... berre John som går og skurar og Theresia som administrerer..), og gler oss til de kjem "heim" att. Hels masse til Mats Adrian og anina Helen. Treng vel ikkje seia at de må nyta dagane, men gjer det likevel. Varm klem frå naboane
Posted by: kjersti og Andreas | 06/29/2007
Kjære Marita og Gunstein!
Gratulerer så mye med vesle gutten! Flott navn - vi har også en liten Johannes som stadig minner oss om at Gud er nådig! Ellers kan vi meddele at vi tar en tur hjem i sommer. Mye om og men her ute, men vi har fått klarsignal om en break på fire uker. Kanskje vi treffes?
Hilsen Siri
Posted by: siri | 06/30/2007
Fantastisk!!
Gratulerer!!
Posted by: Hilde | 07/01/2007
Gratulerer med gutten. Så gøy. Og så flotte de tre barna er ved siden av hverandre..God sommer videre.
Posted by: Synnøve | 07/03/2007
Gratulerer! Tre flotte barn er "blessing" fra oven!
Kirsten
Posted by: Kirsten Nesse | 07/06/2007
The comments are closed.