04/22/2007
Fit for Flight
I går var det akkurat ei veke til tre av oss reiser til Noreg, eller rettare: fire av oss – mor, MA og AH og sjølvsagt Mia/Mika. Far må dessverre jobbe endå ein månad før han kan kome etter den 27.5.
Måndag var vi på den siste svangerskapskontrollen her i Nairobi, og mor fekk godkjendstempelet for å kunne ta ut på lang flyreise. Heldigvis, må vi seie! Dei to små byrjar også vere klare; MA har gjennom fleire veker no nemnt turen vår som bønneemne på bønnemøta, og AH har tydelege trekk av separasjonsangst – slik også faren har det. Dei to vart særskilde perlevener under ferieturen til kysten…
Vi vert svært takksame dersom nokre av dykk som les dette, kan vere med å be om at turen må gå godt, og at tida som vi har frå kvarandre, går fort. Dessutan ber vi om at babyen ventar med å kome til ei stund etter at også far har landa på norsk jord... Eit stort takkeemne er at Reidun Svensen som bur og jobbar i Arusha, vil vere med oss som reisefølgje og ”nanny”. Tusen takk, Reidun, det set vi enormt stor pris på!

30 veker stor mage
20:45 Permalink | Comments (2) | Email this
04/21/2007
Glimt ifrå påska
No er det ei stund sidan førre oppdatering på bloggen. Det skulle vel tyde på trivsel og at vi har litt av kvart anna å gjere. Dessutan har vi hatt noregsbesøk – nokre gode vener, ein familie på fire, der mor og far er fadrar til AH. Dei kom fredags morgon den 30.3., laurdag feira vi femåringen vår og palmesøndag var her konfirmasjon for to flotte jenter.
MA skal blåse ut dei fem lysa på den påskeinspirerte bursdagskaka
Deretter var det å rekkje over mest mogleg i Nairobi – vi har litt av kvart her som er kjekt å vise fram: sjiraffparken, foreldrelause elefantar, gådyreparken og dessutan diverse handlesenter mm. Mor sjølv var sjeldan med på desse utfluktene; ho måtte passe på å få kvile innimellom…



Gunstein får eit saftig kyss
Alt klokka seks onsdags morgon den 4.4. reiste mann og barn, samt gjestar av garde søraustover. Mor vart sett i ”husarrest”. Her blir ein nemleg fråråda å køyre noko særleg bil etter seks månaders svangerskap pga humpete vegar… Kan hende hadde det gått godt, men vi fann det ikkje verd å ta sjansen, særleg ikkje sidan desse kynnarane kjem litt oftare enn for dei fleste andre gravide. Dessutan måtte nokon vere på jobb; ta stasjonsvakta som inneber ansvaret for gjestehuset og for å passe telefonen. No vart det ikkje ei særleg strevsam vakt – telefonen var ”død” heile påskeveka, så det vart gode høve for å liggje på solsenga i hagen og lese oppbyggjeleg påskelitteratur.
Dei ferierande stansa først på ein ”tented camp” i Tsavo nasjonalpark. Der åt dei både lunsj, kaffi og kvelds samstundes som dei hadde panoramautsikt til dyra som vandra forbi på sletta…

Eit par turistar som studerer dyrelivet i Tsavo nasjonalpark
I tillegg hadde dei ein ettermiddagssafari og ein morgonsafari før dei køyrde vidare til Mombasa med sol og badeliv!

Herlege Mombasa!
På kysten fekk dei attåt med seg påskegudsteneste på Wema; ein tidlegare misjonsstasjon som no er på nasjonale hender. Det var visst ein varm dag, så sveitten rann i elvar nedover både rygg og bein…

Sjekk dei våte ryggane!
Så må eg innrømme det var litt rart å vere att heilt åleine heime. Kan ikkje hugse førre gong… På ein måte var det litt herleg også å få høve til å gjere det som ein ville til ei kvar tid, men saknet etter dei andre tre drog ned... Dessutan kjende eg på noko tilnærma misunning overfor dei som var på ein slik flott tur.
Like fullt, premien til slutt er verd prisen! (Dessutan såg dei ingen leopard…)
16:25 Permalink | Comments (0) | Email this