12/01/2005
SITAT av MA og AH
04.07.06
"Jesus er den aller beste vennen min," kom det liketil frå toåringens munn i det ho takka for maten "Takk for mat i Jesu namn. Amen" og gjekk frå bordet.
"Lukkeleg det barnet som ikkje kan hugse første gongen det høyrde Jesus-namnet nemnd!" Sitat Trygve Bjerkrheim
03.07.06
Vi har hatt Bjarne Lindebø, misjonærborn og no avtroppande fysioterapeut utsend av Fredskorpset for å jobbe for fotballklubben Mathare United, til middag. No sit vi og kosar oss med te, pratar godt og tek oss god tid. MA sit og lyttar og kjem med ein og annan kommentar eller eit spørsmål.
Sidan tidleg, alt før han kunne gå støtt, har han hatt hang til å systematisere, sortere, lage mønster. Som heilt liten sorterte han pennar og bilar etter farge, lengde, storleik, type. I desse dagar sorterer han også større ting, slik som i samtalen med Bjarne.
Frå dei vaksne sin prat, oppfatta han at Bjarne om eit par dagar skal reise til Noreg. Det er ikkje få vi har teke avskjed med i det siste. Mange leikekameratar har returnert til Noreg etter avslutta periode. Så veit han også at nokre av misjonærane som har reist til Noreg, berre er der på ferie og vil kome tilbake til skulestart. Systemet er altså reise for å bli borte, eller reise for å kome att. "Bjarne, skal du til Norge snart?" "Ja, eg reiser på onsdag," svarar Bjarne. "Kjem du tilbake, då?" Bjarne nøler med å svare, men endar med å seie at "Nei, eg gjer vel ikkje det." MA vert stille og ettertenksam ei lita stund, før han spør "Men du har LYST til å kome tilbake, har du ikkje?" Det kunne Bjarne trygt stadfeste, og MA vart roleg. Kan hende trong han vite at somme gjerne vil sjå han att? Eller kan hende er det han sjølv som gjerne vil sjå att Bjarne?
30.06.06
Vi har nokre fine, gule bær i hagen som har sådd seg sjølve med hjelp av frittflygande fuglar. Dei heiter goosberries på engelsk, og i Noreg har vi sett dei seld til stive prisar og berre brukt til pynt på kaker, - dekorative som dei er i sine "kinesiske lykter".
Mor hegnar om desse små buskane, jagar vekk fuglar, vatnar, gjødslar, og plukkar inn 4-5 bær stort sett dagleg. Med andre ord ikkje den store avkastninga. Likevel har vi alt éin gong klart å samle opp ein liter; - det tok ca trekvart år. Det vart eit nydeleg syltetøy i tre små glas. No har vi igjen kome kanskje halvvegs i literboksen som står lett tilgjengeleg i frysaren.
Dessverre kjempar mor ikkje berre med fuglane om å få glede av bæra. Vi har også ein liten toåring som elskar dei. Ho veit inderleg vel at ho ikkje får ta sjølv, men må vente på at mor finn dei modne bæra og gir henne av dei. AH plukkar fort også dei umodne, sure bæra, ja, sure er mildt sagt, som umodne er dei bittert sure.
På veg for å hente inn kleda, går mor forbi bærbuskane. Der ser ho at ein liten barnemunn må ha forsynt seg, skore grimasar og spytta ut att. Mor vert først lei seg over alle bæra som har gått tapt, deretter sint, og går inn for å setje dottera på plass, - med eit lite snev av von om at ugagnet ikkje blir gjenteke.
"Anina Helen! Kva trur du eg såg ute at du har ete som du ikkje har lov til?" "?" – eit truskuldig fjes med eit uforståande blikk møter meg. "Du har IKKJE LOV til å plukka dei gule bæra, for du tek dei også når dei er umodne! Kven har lov til å plukke bæra?" "Eg," svarar ho overtydd. "Nei, du har IKKJE lov! Kven har lov?" "Eg," svarar ho, framleis med like overbevisande stemme. "NEI, du har IKKJE lov! Kven har lov?" "Mats Adrian?" svarar ho, kanskje med ei lita von om at han kan plukke til henne. "NEI, han har IKKJE lov. Kven har lov?" Ikkje noko svar. "Mamma har lov. Når eg finn modne bær, kan du få av meg." Til svar får eg ei hard mine. "Kva skal du seie no?" Nok ein gong berre ei hard mine og unnvikande blikk. "ANINA HELEN! Eg er veldig lei meg no fordi du har øydelagd så mange bær!"
Her kjem broren på bana. Han har heile vegen vore i same romet. Eg trudde han var oppteken med leiken sin, men det er tydeleg han synest mor byrjar bli vel hard med syster hans. Han går i mellom oss, medan eg framleis held AH fast i armen og prøver få henne til å audmjuke seg og be om orsaking. "Mamma, der kjeme nok nye bær!" seier broren trøystande til mora og samstundes med kjærleg omsorg for systera si.
29.06.06
Morgonar er som sikkert også i andre småbarnsfamiliar, noko hektiske. Det hjelper litt at MA kler seg sjølv. AH vil også gjerne gjere det, og får det stort sett til. Vi bryr oss ikkje så mykje om bagatellar for tida, som at trusa hennar er bak fram eller inn ut, - vi vel kampsakene ut med omhug.
I dag var det ekstra kaldt, med andre ord buksevêr, og MA hadde funne fram ei bukse som må ha belte på. Han synest enno det er vanskeleg å tre beltespenna, stramme beltet og få det heile på plass, så han bad meg gjere det. Då ser eg at han har same boksaren på enno som eg meiner han må ha hatt eit par dagar alt. Vanlegvis er han flink til å byte kvar dag, noko mor er godt nøgd med, men altså ikkje i dag. "Kor lenge har du hatt denne boksaren på, då, skal tru?" spør mor. "Alt for lenge!" kjem det kontant frå fireåringen.
Litt seinare i mai - 06
Etter eit fantastisk døgn på Kiambethu Tea Farm, var det likevel kjekt å kome heim, - borte bra, men heime best. Dessutan er det ikkje fritt for at det var rart å vere på tur utan dei to små. Måltida har utan tvil mindre fred og ro over seg heime enn det vi fekk oppleve som kjærastepar igjen på tefarmen. Likevel, å ete saman med born har ein eigen sjarm, det også.
På slutten av eitt av dei første måltida vel heime igjen, sit MA og bles bobler med sitt eige slim. Ikkje akkurat sjarmerande. "Æsj, ver så snill, ikkje gjer det der. Alle synest det er frykteleg ekkelt!" "Nei, ikkje alle," svarar han svært overtydande, "Marianne og Astrid og dei * synest ikkje det er ekkelt. Dei syntest berre det var morsomt at eg kunne såpeboble med munnen min, sa dei!"
* Takk til gode barnevakter for kyndig hjelp i barneoppsedinga! (Vi har enno, per dato 04.07.06, ikkje klart å venne guten av med det. – Tre damer syntest jo det var morsomt! Så no prøver vi oversjåtaktikken. Vi synest nemleg ikkje det er morsomt.)
Ein kveld i ei av dei to første vekene i mai 2006, på reiseskule i Mara
Vi bur hos mommo og moffa i Bunda, og AH kjenner seg nok veldig stor når ho får liggje i ei vanleg seng og ikkje i reisesenga. (Den hadde vi nemleg ikkje plass til, ettersom vi sat på med familien Østertun som består av fem personar, men på denne turen minus eldstesonen. Dvs at vi til saman var åtte personar i ein Toyota Land Cruiser. AH og mora var godt plassert sidelengs aller bakerst, - i bagasjerommet, med bagasje tidvis dalande over seg.)
Kveldsmat og – stell er overstått, borna sit i sengene sine, og vi er komne til godnattsongar og bønestund. Begge borna våre vil gjerne be, og det er mange som har trufaste forbedarar i desse to små. Somme vert bedt for litt ekstra. AH var oppteken av å hugse på farmor og farfar, onkel Kurti og tante Eva Bente. ”Kjære Jesus, takke for fammo og faffa, Tutti, Ea Bente. Kjære Jesus, takke for fammo og faffa. Kjære Jesus takke for Tutti og Ea Bente. Kjære Jesus, takke for fammo og faffa.” ”No må du ikkje gløyme og be for farmor og farfar, onkel Kurti og tante Eva Bente,” seier faren ironisk ertande. ”Kjære Jesus, be for fammo og faffa, Tutti, Ea Bente. Kjære Jesus, takke for fammo og faffa, Tutti, Ea Bente.” ”Ja, og så må du hugse å be for farmor og farfar, onkel Kurti og tante Eva Bente,” bryt faren inn igjen. ”Eg HAR bedt!” svarar toåringen kontant og noko oppgitt over faren som ikkje har fylgd med.
Tidleg i mai - 06
Vi sat alle rundt bordet og kosa oss med nydeleg middag, men kosen vart for min del noko forstyrra av MA. Eg sit tvers overfor han ved bordet og syntest mildt sagt at det var ufyseleg slik han gurgla i glaset, slurpa i seg ein munnfull og spytta det tilbake i glaset. "Fysj! Ver så snill og slutt med det der!" Men han ser ikkje ut til å sanse tiltalen, i alle fall held han fram med like stor lyst. "Slutt opp med det der! Det er skikkeleg ekkelt å sjå på!" Endeleg ser han opp, løftar på augnebryna og seier så liketil "Kan du ikkje berre sjå den vegen, då?" og peikar til venstre for seg. Ikkje rart det er skrive mange bøker om born og oppseding…
Frå julebrevet 2005
MA:
1. Faren serverer føremiddagsmat til AH og MA, men er samstundes oppteken med å snakke med dei to svograne som er komne på besøk berre eit par dagar tidlegare. MA vil gjerne ha eit eple: - Pappa, kan eg få eple? Ingen respons. - Eple, pappa. Eple, eple, eple, EPLE! Framleis ingen respons. - PAPPA! ropar han indignert og grip tak i armen på faren: - Eg har tatt kontakt med deg!
2. Ein morgon han skal kle seg, kjem det bestemt: - Vi må ha på oss noge fint! - Ja? spør mor undrande. - Det er jo berre vanleg kvardag i dag. Men guten har eit slåande godt argument basert på nøyaktige observasjonar: - Onkel Asse (Jørn Asle) vil gjerne ha på seg noge fint alltid, han.
AH:
1. Nei, fy. Fy! er standardfrasen hennar, men pof og pofe (kos og kose) er også ord ho brukar mykje.
02:15 Permalink | Comments (0) | Email this