05/02/2008

"For siste gong"

Gunstein og dei to eldste er nokre få dagar på kysten, – for siste gong på lenge – og tek avskjed med sol- og badeliv… Vi trudde vi hadde siste kystferie rett før påske, men så fekk vi to gratis flybillettar innanlands, og dei måtte vi berre gjere oss nytte av! Ettersom vi ikkje hadde råd til å spandere pengar på verken fleire flybillettar eller hotellopphald for oss alle, så vart eg og minstemann att heime. Somme er heldigare enn andre…

937f8fb6784789829b74f77b635e9ecf.jpg
Her frå badeferien i mars

Eg vert meir og mindre heimsøkt av pakkespøkelset. No har vi berre halvannan månad att i Kenya, og alt i slutten av denne månaden skal storbagasjen vere ferdig pakka! Etter fire år har vi litt av kvart å sortere, og vi håpar alle tinga hamnar i rett ”bunke”: i storbagasjen, på lager, i søpla, i flybagasjen, til sals, i gåve…

Gunstein håpar eg skal få rikeleg med tid til å pakke no som huset er tilnærma tomt, men minstemann veit å setje mor i arbeid: Vi låg riktig godt an; etter bading, amming, potting og kveldsmat var vi tidleg på siste potterunde, og eg såg for meg ein lang og roleg kveld for meg sjølv. Medan veslegut sat på potta si, tenkte eg at eg gjerne kunne ringe feriefolket og høyre litt frå dagen deira. Fordi mobilen er gamal og batterikapasiteten deretter, må mobilen stå i ladaren når ein ringjer. Eg forlét difor veslegut på potta i stova, og sat ved stikkontakta på gangen.
b0c9b2c22968ffa76a4808d047e11ff4.jpg
Med mor ute av synet, nytta gutungen høvet. Han veit så vel han ikkje har lov… Freistinga vart tydeleg for stor, så då eg kom inn att på stova, bar handa hans preg av å ha vore i potta, i bæsjen… Etter hand-, fot-, mage- og rumpevask, stiller eg gutungen bleiefri ved leikegrinda, så han kan halde seg fast den vesle stunda eg vaskar potta. Då eg på ny entrar stova, held tassen seg fast i grinda med berre éi hand. Den andre prøver gripe stråla som sørgjer for ein aldri så liten dam på golvet!

--- --- ---

Til slutt berre nokre bilete frå somme av dei siste viktige hendingane:
ef01add4b15e7b56e14811b044eddc36.jpg
fc8701a52167eca5aaece5b1bbfbfed3.jpg
Eldstemann fylte seks år under misjonærkonferansen og feira med stort barneselskap. På programmet var mellom anna eit meir eller mindre vellukka kaninrenn med heller nervøse eller late eller angstfylte kaninungar...
c9f07d1f54433c1eee888057586c24a3.jpg
48bd2008a3e03f25f5230e8338557f0a.jpg
e89b7568842a890679f3582818fc25f6.jpg
Kaninungane skjøna visst ikkje konseptet, ikkje når dei fekk eit aldri så lite hint ein gong!

"For siste gong" på reiseskule hadde vi ei veke sidan. Vi fekk to veker på Kiabakari, Tanzania, og då nytta vi høvet til å besøke kjende i Bunda, hushjelpa og hageguten til "Daktari Lillebo na Daktari Maisa"...
f28c810d4969c18aa33c12be3c0ce9d2.jpg
63f0f9bfbf43f0c5dfb6b99cc98d3048.jpg
Hushjelpa, Priska, og mannen hennar, evangelist Daudi, står bakerst som nummer to og tre frå venstre

071d7c45e03b8c9079ceac92c83d8079.jpg
333ef0aca57f958e4e6e81a172ef84c0.jpg
Hageguten, Seti

5da058514d5cf823f0bd0ba366100e52.jpg
86b1942df4032cb7afb77d5e5fe5eab1.jpg
Han er skeptisk til framande, men ikkje til born -

02/28/2008

”Eg fyller år i dag! Eg er FIRE år!”

149dc45bed275b6d952603def70a2d79.jpg
Ingen her på tomta har vel vore i tvil om kva stor dag vi har hatt i dag. Det har veslejenta vår forkynt for alle og ein kvar. Vi må forresten gjerne slutte å kalle henne veslejente no, for ho har altså fylt heile FIRE år i dag. Det er ikkje reint lite, om du spør henne, og vi må innrømme vi synest det byrjar bli bra mange år vi har fått ha denne livlige velsigninga hos oss… Rart å tenkje på at vi kom til Nairobi med ein baby som var både mindre og yngre enn den babyen vi har no.

5fe224fa2cea356b7620aaacb15eccf6.jpg
2ce336adf0a4eccd25d83a2428aebb3c.jpg
Eit spent bursdagsbarn i dag morgon...

Reint utmatta, enno med hårspennene i, sovna jenta i senga vår under høgtlesing frå ei av dei nye bøkene. Vonleg vart alle forventningar innfridd gjennom dagen. Ho har nemleg gledd seg til og venta på denne dagen lenge, - og ikkje minst: lagt planar for dagen! I eit par veker har vi blitt instruert til å skrive hugseliste: ”Du må skrive opp ballongar!” ”Har du hugsa skrive at vi må ha kake, mamma? Og godteri? Eg ELSKAR godteri!” ”Skriv at vi skal ha skattejakt med godteposar.” osv. Invitasjonane laga ho og leverte sjølv. I det heile har ho hatt ”masse jobb å gjere til bursdagsfesten,” slik ho har forklart kollegane våre.

8c8f5ce659675200a6d500ae100988ae.jpg
Klar til å ta imot dei fem gjestane

2e15024c1cbdf016bd7c9178a49ca4a2.jpg
406155e1e8fed6290b2c56a1f69ed987.jpg
Det vart pynta med ballongar og flagg, vi hugsa gele, hadde nok godteri til at dei fekk pynta så mange muffins kvar som dei ville, vi song bursdagssongen til henne, ho fekk mat først, ho fekk blåse ut dei fire lysa osv, osv. Med andre ord: ho fekk vere det midtpunktet som eit bursdagsbarn skal vere, og om vi skulle gløyme oss av, vart vi mint om det gjennom heile dagen: ”Eg må få vaske hendene mine først, for det er EG som har bursdag!” ”Eg må bli malt i fjeset først, for det er MIN bursdagsfest!” Og når faren i kveldinga etter at festen var vel over, skulle på kontoret for å sjekke posthylla, ville både ho, storebroren og ein kamerat bli med, og då høyrer vi ei fortvila røyst: ”VENT PÅ MEG, DOKKE VETT, EG SOM FYLLER FIRE ÅR I DAG!”
27e08d33c1fc8e32ab656bb1257395ea.jpg
Ein sliten jubilant på tampen av festen

563c01f1022210d401b63c4c550b4986.jpg
Kortet frå storebroren. Åleine og bak stengt dør, for å halde hemmeleg for veslesystera, skreiv han kvelden før dagen, utan noko som helst tips: ”KERE ANiNA EG ViL AT Du SKAL HA EN FiN DAG ViL Du VERE ALTiD VENE Mi EG VIL JAF-AL VERE ALER BESTE VN FRÅ MATS A-DRiAN” (”Kjære Anina. Eg vil at du skal ha ein fin dag. Vil du vere alltid venen min? Eg vil i alle fall vere aller beste venn. Frå Mats Adrian”)

02/17/2008

Guds nådes fôr

Det er svært morosamt å leggje merke til kva austafrikanarane kallar ting. Dei har dei raraste, mest kreative, upassande, usmakelege, men fasinerande namn på butikkar, på bussar og bilar, frisørsalongar og hotell. I dag møtte vi på ein av vinnarane. Det vil seie, vi har lagt merke til denne butikken før, men denne gongen var vi klare med kameraet i lang tid før vi kom til butikken. Vi skulle ikkje gå glipp av blinkskotet, og her får de òg del i gleda...

d514ada4d15efa8592678ba3a992d3db.jpg


”Guds nådes fôr” - Heldig er den kua som får ein smakebit av denne maten.


Eller kva synes du om denne bussen som suste forbi, medan eg sjølv køyrte i 110 km/t?

045a9c62132abbae02aa2d0cc2852122.jpg



Vi må vel konkludere med denne halvdårlege lastebilen sitt bodskap på skvettlappen:

e8192c7069d04e463ffe59674ee4d9ef.jpg

01/26/2008

Heime igjen

For nokre få minutt sidan høyrde vi skot ikkje så langt unna. Vi vel å tru det var fyrverkeri! Den observante lesaren hugsar at vi ei tid tilbake skreiv litt om tv-send bøn for eit fredeleg val her i Kenya. Utan tvil kan vi seie at Gud ikkje svara heilt slik vi kunne ønskje, på den bøna.

No ser det ut til at denne konflikten ikkje lenger berre dreier seg om kven som vann presidentvalet, eller kven som juksa mest eller minst. Det heile har utløyst ein konflikt mellom etniske stammar. Ja, meir som å helle bensin på eit bål. No såg eg akkurat på VG at dei skriv at valden blir grovare. Han som er her og meklar no (vi vel å ikkje nemne han på namn), var ein runde og såg område i Kenya som skal vere spesielt hardt ramma. Han konstaterte at det føregår og har skjedd klare brot på menneskerettane. Når folk blir brent levande, treng ein kanskje ikkje vere tidlegare generalsekretær i FN for å konstatere akkurat det. Så fortel Charity, vår eminente kontordame, om korleis konflikten har forandra lokalsamfunnet. Naboar som har vore gode naboar og som ho ofte prata med tidlegare, snur no ryggen og helsar knapt. Endåtil i kyrkja er det slik. Det er definitivt ein tragedie for det kenyanske folk og her har det blitt djupe sår som det treng mykje legehjelp for å behandle. Gudstrua er det viktigaste for kenyanarane, og kyrkja er difor ein svært viktig instans i fredsarbeidet. Ver gjerne med å be for freds- og forsoningsarbeidet som vi i NLM skal vere med å fronte her i Kenya.

cbe3566bca580f880b9a60fd95d7f6b7.jpg
Vi ser at vi var veldig heldige som fekk vere i Noreg akkurat rundt valet då uroa var på det mest massive. Det er klart at det merkast på misjonærflokken at rørslefridommen er svært avgrensa. Stemninga i Nairobi er framleis spent, sjølv om vi ikkje merkar så mykje uro her vi bur. Nokre medmisjonærar og ein del noregsgjestar måtte avbryte ferien i jula på grunn av konflikten. Roslyn-elevane må køyre langt for å kome på skulen, og den turen er ei belastning i seg sjølv. Dessutan kjenner vi sorga som mange av våre nasjonale arbeidarar må stri med. Fleire har mista nære vener og slektningar.

27d713a15f965c4b8fdd516dd51b17e4.jpg
No er vi i alle fall tilbake her i Nairobi. Vi valde å reise trass frårådinga til UD. Det er vi glade for, ettersom vi trur vi har ei viktig oppgåve å gjere her. Dessutan er borte bra, men heime best. Vi lever om lag som tidlegare her på tomta, men følgjer meir med på nyhenda enn tidlegare, og vurderer alltid nøye kvar vi ferdast. Trass alt kjenner vi oss veldig trygge i vår vesle, fredelege lomme i utkanten av Nairobi. Det har enno ikkje vore eit utslag av uro her i Karen-området. Matvarer har vi overflod av i butikken på Karen. Dessutan har eg hatt ungdommane med meg på golf ein gong. Ungane våre har byrja på riding (MA og AH) og går i barnehage (MA) og nyt ”sommarvêret”. JG har endeleg godteke at han òg må ete anna enn morsmjølk; - løysinga vart syltetøy på alt han får servert, om det så er graut, mosa poteter eller kjøt! Dessutan er han ram i å åle seg fram på militært vis.

08de1908c7cbaf20135974c6266ebda7.jpg

5b4d72d7da96c5a22f83b3ee704ed73e.jpg

558581ad781f08b4db02a9a7b816ba8c.jpg

1 2 3 4 5 6 7 8 Next